MARSTEIN

Lørdag 6. juli


Dei siste åra har Marstein blitt anerkjent som ein av dei mest originale og kreative rapartistane i Noreg.

Sidan Marstein debuterte som soloartist hausten 2022 har 21-åringen bikka 45 millionar streams på eigne låtar på Spotify. I sommar fekk han heile Noreg hekta på «Sommerhus» som nærmar seg 11 millionar streams på Spotify.

Han slo gjennom som soloartist i 2022 med albumet "Medici Marstein". Debutalbumet gjekk til topps på listene med "Frida Kahlo" og "La Boheme". I underkant av to månader etter utgjevinga av "Medici Marstein" slapp Oslo-guten EPen "Xania". Her beviste Marstein at han har eit variert lydbilde og unike tekstar. Marstein er ikkje redd for å reflektera kring personlege temaer i musikken sin. Han har blitt kjend for sitt særeigne uttrykk som har gjort han særleg populær blant unge lyttarar og musikkentusiastar.

Marstein er ikkje berre ei stjerne i studio, men også på scena. Dei energiske opptredenane og det karismatiske nærværet hans har gjort han til ein favoritt blant publikum på konsertar og musikkfestivalar over heile landet. Med ei blanding av skarpe rapvers, fengande beats og ei dynamisk sceneopptreden, klarer Marstein å skape ei uforgløymeleg stemning som får publikum til å danse og synge med.

Med hans stadig veksande popularitet og evne til å begeistre live, er Marstein utan tvil ein av dei mest spennande og lovande liveartistane i Noreg i dag.