Theodor Lucero


THEODOR LUCERO ER VINNAREN AV VESTLANDSSATSINGA 2024!

Theodor Lucero har raskt blitt ein konsertsnakkis, kjent for sine energiske konsertar med ein ukonvensjonell oppsett med tre gitarar, bass, vokal og trommer, og som ofte endar i allsong. Allereie sommaren 2022 vann dei prisen både for beste gitarist og beste trommis på Eggstockfestivalen, der både musikkbransjen og publikum vekselvis måpte og jubla gjennom heile konserten. I løpet av 2023 fekk han både sleppt debutplate, spelt headlinergigs og festivalar, i tillegg til eit par liveopptredener på TVNorge. Men sidan den gongen har den unge artisten tatt livepakken til endå eit nytt nivå.

Saman med Taylor Swifts liveprodusent Tom Jackson, har han skapt eit uforgløymeleg liveshow, og allereie på første gig etter det samarbeidet starta, vann han og bandet Vestlandssatsinga på 100 Dagar, og går no ein rimelig innhaldsrik festivalsommar i møte. Både Mablis, Tysnesfest, Bygdalarm, Festidalen, Utkant, Vikedal Roots Festival, Skånevik Blues, Helt på Vidda og Fest i Vest skal besøkast i løpet av sommarvekene.

Debutalbumet Travel Through Time var ei djupt personleg og kunstnarisk reise, som tok lyttarane med på utforskinga av tid, kjensler og livserfaringar. Kvar einaste låt tek for seg tankar om tapte forhold, noko som speglar det universelle temaet om tap og endring. Albumet fungerer også som ei bokstaveleg reise gjennom hans musikalske utvikling og vekst som artist.

Til hausten kjem også oppfølgjaralbumet, som allereie har byrja å ta form. Med inspirasjon frå legendariske band som Pink Floyd, The Beatles og Oasis, bringer Theodor Lucero til bord både eksepsjonelle gitarsoloar, uforgløymelege melodiar og ein genuin musikalsk sjel.

100 Dagar og vestlandssatsinga

100 Dagar skal skape grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging og samarbeid mellom festivalane på vestlandet, og vera ein pådrivar for å få fram nye band og artistar frå vestlandsregionen. Kvart år går alle festivalane i lag og gir eit band spelejobb på sin festival. Det gir ein utruleg verdi for artisten som blir valgt som får både merksemd, ein betalt turne og massevis av erfaring. Tidlegare vinnarar er blant anna Silja Sol, Lekende Lett og Jejune.