Basar 5. april

JUBEL! Me vert aldri leie av basar og for fyrste gong i historien inntar basaren ROMMET i Bergen.

Som tidlegare år kan du kjøpa årer, knuga dei i neven, kjenna spaninga bygga seg opp og vinna gjeve vinstar. Alt overskot på årets basar går til Eggstockfestivalen.

Fyll opp pengapungen og ta med deg familien, besto, besten eller ein god ven og bli med på basar då vel!

Dørene opnar kl. 18:00, og staden er ROMMET!

Kva er Eggstockfestivalen?

Eggstockfestivalen er eit springbrett for unge talent i Vestland, der det er plass til 22 band kvart år som bookar seg sjølv inn etter prinsippet "førstemann til mølla". Artistar som Sondre Lerche, Hvitmalt Gjerde, Major Parkinson, Boy Pablo, Thea Hjelmeland, Tarjei Strøm, Razika, Silja Sol, Matiaz Tellez og Michelle Ullestad har stått på scena under Eggstockfestivalen tidleg i sine karrierar. Festivalen vert gjennomført som ein konkurranse med to innleiande dagar og ein finaledag, der ti av dei deltakande banda framfører. Vi legg vekt på å løfte fram artistane som deltek, og at festivalen skal hjelpe dei på vegen mot å bli endå meir profesjonelle.

Eggstockfestivalen vert arrangert av AKKS Bergen – ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for ein betre balanse i norsk musikkliv. AKKS sitt hovudfokus er jenter og kvinner, men støttar alle som vil prøve seg innan musikk, enten det er bak pianoet, mikrofonen, gitaren eller miksepulten – uavhengig av kjønn, alder, religion og hudfarge. AKKS tilbyr musikkurs, leiger ut fem øvingslokaler på USF Verftet og arrangerer konsertar. AKKS Bergen er den største av seks AKKS-avdelingar i Noreg og har vore i drift sidan 1995. https://www.eggstock.no/omeggstock

Les meir om arrangementet her! 

Forrige
Forrige

Sommarjobb?

Neste
Neste

LittLarm laurdag 6. juli