LittLarm laurdag 6. juli

kan DU gjendikta Paul Simon til nynorsk?

“Bru over trøblete vatn”

Bru mellom ulike språk kan vera like trøblete som tilhøva som blir skildra i Bridge over troubled water – som IKKJE er skriven av Simon & Garfunkel, men eine og åleina Paul Simon. Klassikarane står i kø om ein finn fram platesamlinga og leiter gjennom Simon & Garfunkel-albuma og soloplatene til Paul Simon, og det er nett sistnemnde som no skal heidrast på nynorsk. Frå mrs Robinson til han du kan kalla Al – det er nok å ta av, og no har me allereie vist at «bru over trøblete vatn» ikkje nødvendigvis funkar, så stafettpinnen går vidare til DEG og dine kreative evner i den finaste og minst høgtidlege musikklyrikktevlinga LittLarm!

Frist for innsendt bidrag er 26. mai til littlarm@bygdalarm.no

LittLarm føregår laurdag 6. juli i Norheimsund.

Arrangert av Kvam Mållag i samarbeid med Bygdalarm.

Reglar:

  • Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er enten å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, eller kanskje gje ein heilt ny vri og gjerne tilpassa norsk samtid.

  • Minst like mykje vekt vert lagd på at verselengder og rytmer er intakt, at flyten vert god, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.

  • Teksten skal vera nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.

  • Coverlåtar vert IKKJE vurderte, kun originale Paul Simon-tekstar (altså treng du ikkje prøva deg på Scarborough Fair).

  • Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kårar ein vinnar og to delte andreplassar (basert på anonymisert lesing av bidraga) – dei tre vinnarlåtane vert alle framførte.

  • Ein har lov å levera maks 2 bidrag pr person.

  • Legg ved namn og kontaktinformasjon og originaltekst.

Premiar:

LittLarm er ei uhøgtideleg tevling, fyrst halden i 2010, som skal vera driven av kreativ glede ikkje gjeve premiar. I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heider og ære sovel eit dagspass til Bygdalarm.

Tidsfrist:

Teksten må vere arrangørane i hende innan 26. mai 2024.

Kontaktinformasjon: Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no

Forrige
Forrige

Basar 5. april

Neste
Neste

Whammyboy