DELARA

Bilde av artisten Delara

Delara er ein artist som har fått mykje merksemd i musikkverda dei siste åra, og ho skal sjølvsagt vere ein del av Bygdalarm 2025! Med sitt særegne uttrykk, som tek utgangspunkt i indie, elektronika og pop, har ho klart å bygge opp ein lojal fanskare både i Noreg og internasjonalt. Frå ho starta si karriere med små, intime konsertar i lokale musikk-klubbar, har ho raskt vorte ein av dei mest lovande unge artistane i den norske musikkbransjen. Ho fekk sitt gjenombrot i 2017 med debutsingelen “Gunerius” remixen og “Paper Paper”. Andre kjente låtar som tok Noreg med storm er ingen ringara enn “Volare”.

Delara har ikkje berre fått stor merksemd frå fansen, men også frå musikkbransjen. Amanda Delara vant nemleg spellemannsprisen for årets utgivelse i 2023 med Shahrazad. Ho var også nominert i 3 kategoriar i årets P3 Gull for årets artist, og for to låtar på nominasjonslista til Årets låt: «Volare» og «Piya Piya Calling». Sistnevnte tok sjølvsagt gull og den har ho saman med Karpe, Kaifi Khalil og The Quick Style.

På Bygdalarm 2025 kjem Delara til å levere ein konsert som garantert vil fange publikum frå fyrste stund. Ho har ein unik evne til å skapa ei intens stemning, og på denne festivalen vil ho ta med seg både gamle favorittar og nokre heilt nye låtar som vil trefte hjarta til publikum. Delara er på veg til å nå nye høgder i musikkbransjen, og ho er meir enn klar for å vise kva ho har å by på. Med sin kraftfulle tilstadeværelse på scena og sterke låtar, vil ho utan tvil sette sitt preg på festivalen og etterlate eit varig inntrykk.