TAUS
TAUS vann Vestlandssatsinga 2025!
Og det på overbevisande vis! Frå første anslag sette vossajentene scena i flammar og kasta seg rundt halsen på publikum. Intenst, oppslukande – som å klina med sommaren! Dette er vossapop som boblar over av energi og sjarm, og snart kjem TAUS for å teikna eit digert smil på sola som dinglar over Bygdalarm!
Vestlandssatsinga gir eitt band tilbod om ein skikkeleg festivalturné, og i år er det TAUS som får spele seg gjennom ti festivalar i 100 Dagar-nettverket. Me gler oss til å få dette fyrverkeriet av ein artist til Bygdalarm – bli klar for frekke trommer, catchy melodiar og sjukt god stemning!