Ka2

Artistbilde av KA2

Bygdalarm 2025 er endelig klare til å presentere Ka2 som ein av årets hovedartistar! Denne energiske duoen har på kort tid markert seg som eit av dei mest spennande banda i den norske musikkverda. Med ein uovertrufen evne til å mikse leikne beats, humoristiske tekstar og smittande scenenergi, er Ka2 dei perfekte til å skape magiske minner på festivalen.

Ka2 har ikkje berre vunne hjarta til fans over heile landet, men også vist at dei veit korleis dei skal få folk til å danse og synge med. Duoen blandar humor, energi og skarpe tekstar på ein måte få andre klarar. Låtar som «den jeg vil ha», «blomsterdalen» og «danser med tjommi», har blitt store hits og spelt på repetisjon på både festivalar og klubbscener. Med sine catchy refreng og dansbare rytmar er det lett å sjå kvifor folk ikkje får nok av musikken deira. Der andre artistar kan velje å fokusere på eitt aspekt, klarar Ka2 å balansere fleire sjangrar på same tid – frå upbeat clubbpartys til djupare, meir introspektive låtar. Deres live-opplevingar er i særklasse og dynamiske, og me kan berre forestille oss korleis det vil kjennast å oppleva dei på klubb gymmen på Bygdalarm 2025.