KaPling!
KaPLiNG! DuO SHoW på Bygdalarm 2025!
Det er duka for eit leikande musikalsk univers når KaPLiNG! kjem til Norheimsund.
Kva skjer når to vener lurer seg inn i lasterommet på eit intergalaktisk romskip? På med hjelmen, set deg bak, og bli med på ei reise der tyngdekrafta slepp tak! KaPLiNG! duoen tar oss med på ei ferd gjennom galaksen, der dei utforskar romskipets løyndomar – samtidig som dei prøver å finne vegen tilbake til jorda.
Med låtar frå debutalbumet KaPLiNG! frå 2023, byr duoen på ei fantasirik konsertoppleving med særeigne songtekstar. Perfekt for nysgjerrige musikkelskarar i alle aldrar! 🪐