hei kalas

Laurdag 6. juli


Badnalarm er ein gratis familiekonsert som i år vert halde på hovudscena på plenen, klokka 12 laurdag 6. juli.

Hei Kalas er klare med sitt andre album, "men jeg kan kose med katten", og gler seg til å møte små og store fans igjen!

Kvifor er det slik at born så gjerne vil bli store? Vaksne kan jo ikkje setje seg midt i gata, og dei får faktisk også inkasso berre så du veit det. Og dei må byggje garasje. Noko så kjedeleg! Og heile tida blir dei blanke i auga når dei tenkjer tilbake på barndommen – den bekymringslause tida, seier dei. Men det er faktisk ikkje berre lett å vere born heller! Det er mykje som er skummelt, og masse å tenkje på. Store, skumle dyr og spøkelser som flyr for eksempel. Men det gløymer ein fort når ein blir vaksen, då tenkjer ein berre på krabbar på brygga og på å køyre karusell til ein blir svimmel saman med nokon ein likar ekstra godt.

Denne plata handlar litt om å ta det med ro og kose seg med det livet ein har, anten ein er vaksen eller born – sjølv om det kan vere litt kjedeleg av og til. For om ein kjedar seg så kan ein jo berre kose med katten?

Hei Kalas blei starta av kollegaene Heidi Marie Vestrheim og Annikken Theodorsen i NRK Super i 2010. Etter kvart blei Roy Ole Førland med, og slik blei Hei Kalas komplett. Sidan 2014 har dei laga enormt mykje musikk, turnert i regi av Kulturtanken, samt spelt på festivalar rundt om i Noreg. I 2020 blei dei nominerte til Spellemannprisen for debutalbumet sitt, "kvifor er eg allergisk". Den nye plata, "men jeg kan kose med katten", er produsert av Bjarne Stensli.