JOHN OLAV NILSEN & NORDSJØEN

Lørdag 6. juli


John Olav Nilsen & Nordsjøen kjem til Bygdalarm i 2024

Helt sidan den kritikarroste og Spellemannvinnande debutplata «For Sant Til Å Være Godt», har bergensartisten vore ein av sin generasjons absolutte livefavorittar. Fulle hus og øyredøyvande allsang har vore standard på konsertar og festivalar, og låtar som «Diamanter og kirsebær», «Hull i himmelen» og «Valiumsvalsen» vil stå seg som evige klassikarar i norsk musikkhistorie.

John Olav Nilsen & Nordsjøen kom i slutten av oktober 2023 med eit nytt album med tittelen ‘I liv og arbeid’. Dette var sjølvsagt gledelege nyhende for gamle og nye fans, men denne gongen var det visst lov å glede seg litt ekstra til det nye albumet.

«Etter to plater som vart laga i eige studio, gjekk vi denne gongen vekk frå dei trygge trommemaskinene og dei medgjørlige dataprogramma. Vi kjende på oss at vi måtte fange kjernen av musikken levande live.»

John Olav Nilsen & Nordsjøen består forutan John Olav av dei tidlegare Gjengen-medlemmane Einar Vaagenes, Lars Eriksen og Mikael Kanstad, og musikalsk befinn dei seg i sjangeren gatepop, eller sågar motstands-pop.

Dette er det berre å glede seg til!