Fjorden Baby til Bygdalarm!
Fjorden Baby! – Vestlandets mest sagnomsuste rockeband kjem til Bygdalarm!
Jauda, du las rett! Fjorden Baby! kjem til Bygdalarm 2025, og me kan garantera at dette vertein konsert for historiebøkene. Med energi som eit lyn frå vest, tek dei med seg låtar fulle avgroove, poesi og ekte bergensk råskap.Etter ei lengre pause er Fjorden Baby! endeleg tilbake med si første plate på ni år, og dette vert òg eit etterlengta comeback på festivalfronten. Publikum kan venta seg ein energisk og uforgløymeleg konsert, der bandet kombinerer nostalgien frå sine største låtar med ny musikalsk kraft.
Med tekstar fulle av mystikk, urban poesi og vestlandske røter har Fjorden Baby! skapt ein heilt eigen stil. Frå debutplata i 2009 og fram til i dag har dei levert hits som «Himmelen», «Karoline» og «Igjen og Igjen» – låtar som både har fått folk til å danse, drøyme og tenkja. Det er lett å trekkja fram albumet Fjordkloden, kåra til årets plate av ein samla norsk musikkpresse i 2013, men alle albuma deira har vorte hylla av meldarane. No er bandet klare til å gjenoppta tradisjonen med intense liveopptredenar.
«Vi i Fjorden Love Boys e utrolig takknemlig for at vi kan spille for folk rundt om igjen. Ting e på gang og vi gønner!» seier bandet.