KaPling!
KaPling! er klare for å snu Norheimsund på hovudet når dei kjem til Bygdalarm 2025!🤸♀️🫶Bandet, kjent for å rive ned sjangergrenser med ein kombinasjon av elektropop, krautrock, drømmereggae og – sjølvsagt – dobbelt opp med gitarsoloar og kubjelle, lagar musikk som treff både hjartet og dansefoten💃
Starta i 2022 av Fredrik Vogsborg og Kjetil Aabø frå Casiokids, har KaPling! på kort tid blitt eit band som tør å tenkje stort og leike større. Gjennom låtar fulle av humor, fantasi og rå energi, tar dei oss med på reiser der dinosaurar og tissemaur finn venskap, sparkesykkelturar går skeis, og ein stakkars laptop fryktar omstart. Kvar låt er ei eiga verd – eit eventyr der alt kan skje.
På scenen er KaPling! som eit fyrverkeri av sjarm og speleglede, og musikken deira er skreddarsydd for publikum frå 0 til 100 år. Om du er klar for ein kveld med uventa vendingar og uforgløymelege augeblikk, kan du ikkje gå glipp av denne eksplosive hybridopplevinga på Bygdalarm!💥🎉🤩